Gode resultat på nasjonale prøver i engelsk

Resultata frå nasjonale prøver i engelsk er nå publisert.
5.klasse og 8.klassse i Lom ligg over landssnitt og har aldri tidlegare hatt så få elevar på dei lågaste nivåa.
På landsbasis skårar 8.kl i snitt 3,0, medan 8.klasse i Lom har 3,4. Landssnitt for 5.klasse er 2,0, medan 5.klasse i Lom har 2,1. Dette er for begge stega langt betre enn fjoråret. Da vart det sett i gang fleire tiltak for å betre engelskopplæringa. Det er likevel viktig å vere klar over at mange faktorar verkar inn og at resultata må vurderast over tid.
Tips ein ven Skriv ut