Skjermbilde 2015-12-03 kl

Godkjent detaljreguleringsplan for Bjønnskardet hytteområde

Kommunestyra i Lom og Vågå har i møte 25.11.2015 sak 70/15 og 27.10.2015 sak 81/15 med heimel i plan- og bygningslova §12-12 gjort vedtak om godkjenning av detaljreguleringsplan for Bjønnskardet hytteområde. Reguleringsplanen opnar for 30 fritidstomter i området Bjønnskardet/Måne nord for Tesse. Planområdet på ca. 146 dekar ligg i all hovudsak i Vågå, men del av tilkomstvegen ligg i Lom.  

Frist for å klage på vedtaket er 3 veker frå kunngjering, jf pbl § 1-9 og forvaltningslova kap.VI. 

Dokumenta er å finne i servicetorga på kommunehusa og på kommunane sine heimesider, www.lom.kommune.no og www.vaga.kommune.no .

Vedlegg: 

Plankart

Plandokument

Reguleringsføresegner

Møtebok fra kommunestyret i Vågå

Møtebok fra kommunestyret i Lom

Tips ein ven Skriv ut