Trygt og godt å bu i Lom

Godt nøgde innbyggjarar i Lom

Gjennomsnittet i heile landet er 4,0, i Lom fekk vi ein totalscore på 4,1. Det syner resultatet av innbyggjarundersøkinga som vart lagt fram for formannskapet denne veka. Både på tryggleik og servicetilbod scorar vi høgast i landet, og på dei fleste andre dimensjonane ligg vi over landsgjennomsnittet.

Gode tenester

Undersøkinga syner og at Lom kommune har godt omdømme og god tillit. På servicetilbodet scorar vi 4,9, gjennomsnittet for heile landet er 4,3.

Vi kan bli betre

I undersøkinga vart folk inviterte til å koma med innspel til forbetringar, og vi fekk inn omlag 260 forslag. Desse forslaga vil vi ta med oss i arbeidet framover. I hovuddimensjonane utbygging og utvikling, kultur og idrett, bustadtilbod og næring og arbeid ligg vi under gjennomsnittet for heile landet, og her er det utfordringar kommunen vil gripe fatt i.
Tips ein ven Skriv ut