Godt nytt år!
Lomsk 30, teaterpremiere og UKM like rundt hjørnet.

Vi går eit spanande år i møte på mange vis. Vi vil berre nemne tri kulturelle hendingar på nyåret her og no: 1 Påmeldingfristen til UKM er 15.januar. Unge mellom 10 og 20 år kan melde seg på her. 2 Lomsk fyller 30 år i 2012 og inviterer til jubileumskonsert i Vågå med opptak for NRK den 11.januar. 3 Teaterpremiera som skulle vore i Lom samfunnshus er flytt til Marlo grendehusi Skjåk laurdag 14.jan. "Under vår himmel" er ei spanande framsyning med m.a. Endre Skjåk. Les meir her.