Godt nytt leseår
Dei fyrste førebelse rapportane frå statistikken syner eit stabilt bra utlån også i 2009. Vi kan ikkje seie meir før finteljinga er over, men det ser ut til at utlånet held seg på omlag same nivå som året før. Det er vi veldig tilfredse med og vil takke alle bibliotekbrukarar som skaper dei positive tala. 2010 er det nasjonale leseåret og vi ynskjer dykk alle eit godt nytt år!



