Godt resultat for skulane i Lom
Tiltandsrapporten for skulane i Lom 2010 er nå lagt fram for kommunestyret. Her ser vi at Lom har gode resultat på dei fleste område det er målingar på. Dette gjeld både læringsresultat, læringsmiljø og fråfall.
Frå 2010 krev opplæringslova at alle kommunar utarbeider ein årleg rapport om tilstanden i grunnskulen. I år vart rapporten lagt fram for kommunestyret 23. september. I tillegg til det som er obligatorisk, inneheld rapporten for Lom også informasjon om lærartettleik, spesialundervisning og samarbeid heim-skule.
Gode resultat
Det er viktig å understreke at rapporten ikkje gjev noko fullstendig bilde av tilhøva i skulen. Men på bakgrunn av dei utvalde og målbare indikatorane, og samanlikna med landet, fylket og eiga kommunegruppe, har skulane i Lom:
- God ressurstilgang
- Godt læringsmiljø. Her er resultata særs gode, på enkelte område ligg Lom i toppen i Oppland.
- Stort sett bra resultat på eksamen- og standpunktkarakterar, men noko varierande resultat på nasjonale prøver. Det gjeld særleg engelsk, men i 2009 var det også for mange på dei lågaste nivåa i lesing og rekning.
- Nesten ikkje fråfall. Det vil seie at nesten ingen av dei som går ut frå Lom ungdomsskule sluttar i vidaregåande.
Nokre tiltak
- toårig prosjekt i lese- og læringsstrategiar i regi av Bredtvet kompetansesenter,
- leserettleiar,
- utvida tverrfagleg samarbeid,
- vidareutvikle samarbeidet mellom barne- og ungdomsskule og mellom ungdomsskule og vidaregåande skule,
- vidareutdanning i engelsk og generell styrking av læringskulturen.