Framside»Administrasjon»Grafisk profil
Kommunelogoa

Lom kommune sin grafiske profil

Med den visuelle profilen har Lom kommune som målsetting at varemerkebyggjinga kring Lom skal forsterkast og bli enklare. Profilen er tilgjengeleg for alle som vil nytta den etter dei reglar som er fastsett av Lom kommune. Dette vil gje oss ei større felleskapskjensle og samhøyrigheit 
i åra som kjem.

Lom er ein fantastisk bygd i sentrum av Jotunheimen og fjellregionen. Lom stiller i ei klasse for seg sjølve når det gjeld profil og status. Eg er i likheit med mange andre svært stolt over og vere lomvær og innbyggjar i ei bygd som har ualminneleg gode føre-
setnader for å skape ei spanande og berekraftig utvikling i tida framover. For å lukkast i dette arbeidet, krevst det samarbeid og samhandling på alle nivå. Vi må også identifisere oss med verdiar og strategiar som fører bygda vidare framover. Profilprogrammet 
kan hjelpe oss med dette.

I 2007 har Lom kommune vedteke ein eigen samfunnsdel til kommuneplanen der føremålet er å behalde langsiktige utfordringar og trekkje opp mål og retningsliner for utvikling i Lom kommune som samfunn og organisajon.

Lom skal vere eit lokalsamfunn basert på desse grunnverdiane:
- gjestfri
- open
- inkluderande
- respektfull
- nyskapande
- trivsel
- lokal kultur og historie
- natur
Som visjon her er valgt 
Lom - gjestfritt og nyskapande.

Slagordet Kom til Lom er med 
å synleggjer visjonen.

Den grafiske profilen er utarbeidd av Visus A/S, du kan finna heile profilen her(lenke)

Tips ein ven Skriv ut