Grendamøte

Hausten 2014 skal kommunestyret i Lom avgjere framtidig skulestruktur. Kommunen ynskjer ein mest mogleg open prosess. Ordførar og administrasjonssjef  inviterer derfor til grendamøte der alle som ynskjer det kan kome og få informasjon og stille spørsmål.

For Garmo krins blir møtet på Garmo skule 15.september kl.19.00.

For alle utanom Garmo krins blir møtet i auditoriet på Lom ungdomsskule 23.september kl.19.00

Saka vart lagt ut på høyring i juni. Aktuelle  dokument finn ein under «Saker til høyring» her på  heimesida eller ved å ta kontakt med Lom kommune direkte. 

Kommunen håpar på stor deltaking og ynskjer alle som er interesserte  i skulen si framtid, velkomne

Saka vart lagt ut på høyring i juni. Aktuelle  dokument finn ein under «Saker til høyring» her på  heimesida eller ved å ta kontakt med Lom kommune direkte. 

Kommunen håpar på stor deltaking og ynskjer alle som er interesserte  i skulen si framtid, velkomne.

Tips ein ven Skriv ut