Framside»Ny i Lom?»Arbeid»Gründer i Lom?
Gründerbedrifta "Fyrst og Fremst"

Gründerbedrifta

Gründer i Lom?

Joda – dei finst! Anten du har ei eksisterande bedrift eller ynskjer å starte opp for deg sjølv så finst det fleire fordelar med å gjere det i nettopp Lom. 

Næringsfond

Fyrst av alt – har du ein god ide, ta gjerne kontakt med vår næringssjef Åshild M. Amundsen.
Ho kan hjelpe deg i gong og kople deg opp mange andre aktuelle aktørar, t.d. Innovasjon Norge, Visit Jotunheimen, Skåppå ÅS, vår lokale sparebank Sparebank1 Lom og Skjåk eller andre næringsaktørar. 

Vi ynskjer oss fleire gründerar og nyetableringar, og vi er så heldige at vi har eit kommunalt næringsfond som kan støtte opp om gode tiltak. Har du ein god idè og treng støtte? Ta kontakt med næringssjefen for å høyre meir.
Les elles meir om næringsfondet her(LENKE)

Fordelar med å starte opp i Lom:

Lom kommune ligg i såkalla sone 3 for arbeidsgiveravgift, noko som gjer at du som arbeidsgivar må betale ei arbeidsgivaravgift på 6,4 %, i staden for makssatsen på 14,1%.
Og det sparer du jo ein del på!

I tillegg så er Nord-Gudbrandsdalen kjent for å vere eit område med veldig stabil arbeidskraft.
Vi har låg arbeidsledigheit (Lom har minst i Oppland i 2016, med berre 0,5%).
Elles så er det sjølvsagt lite bilkø i Lom – vegen til fjell og friluftsliv er særs kort for deg som skulle ha eit ynskje om meir friluft i kvardagen. 

Behov for areal?

Det finst fleire ledige lokale i Lom, både for deg som er på jakt etter butikklokale / industri / kontor til både sal og utleige. Vi har også tomter til sals både i sentrum og i industriområde,
Ei grovoversikt finn du her(LENKE)

Tips ein ven Skriv ut