Guiding Lom stavkyrkje
Opningstider:
12.05 - 11.06 frå kl 1000 - 1600
12.06 - 14.08 frå kl 0900 - 1900
15.08 - 28.08 frå kl 0900 - 1700
29.08 - 30.09 frå kl 1000 - 1600
Prisar 2012
Grupper (min 10 betalande) kr. 45,- per person Enkeltbillett kr. 55,- Barn under 15 år i følgje med vaksne er gratis Guide og sjåfør for grupper er gratis
Vi tek imot vouchere, i tillegg har vi kortterminal.
Omvisning
Grupper som har bestilt på førehand får omvisning, andre så langt det er tid og høve til det. Vi prøver å rekruttera omvisarar med god språkunnskap og slik at vi kan tilby omvisning på fleire språk, men dette er til tider vanskeleg å få til. Omvisarane er lokale studentar/skuleelevar som har dette som sommarjobb. Dei arbeider i kyrkja ein til to sesongar, og vi må kvar sesong ta inn nye omvisarar som må lærast opp. Dette er grunnen til at vi til kvar tid ikkje kan omvisa på språket som er bestilt. Alternativt språk vil til vanleg vera engelsk.
Gudstenester og kyrkjelege handlingar
Det er att berre 28 stavkyrkjer frå mellomaldaren her i landet. Lom stavkyrkje er ei av desse. Vi gjer merksam på at kyrkja er hovudkyrkja i Lom, ikkje eit museum. Dette betyr at kyrkja blir stengt for gudstenester og kyrkjelege handlingar utan forvarsel. Gudstenester og vigsler for 2012 er under planlegging slik at alle reservasjonar no blir gjort med atterhald om endring. Når det gjeld gravferder, vil vi kjenne dato/tidspunkt for desse 5-6 dagar i førevegen. Gravferdsdagar i Lom er tysdag og fredag, men gravferd kan også bli lagt til andre vekedagar. Vi tilrår at de tek kontakt med omvisarane 5-6 dagar innan besøket for å få stadfesta at kyrkja er open for omvising. (Tlf omvisarane i perioda 12.05 - 30.09 er 970 75 397.