utlodning 064_3296x2472

Handelshelg i Lom

Handelstanden og servicenæringa i Lom ynskjer velkomen til trivelege handelsdagar i Lom med spenstige tilbod i butikkane, sal, servering og eit koseleg handelsmiljø. Sjå programmet for helga og få smakebiter på kva som skjer i Lom i adventstida.

Utvida opningstider 30.november til 2.desember

Skal du handle julegåver i helga? Da kan det lønne seg å ta turen til Lom, her er det nemleg utvida opningstider i helga. Fredag 30. desember: Vanlege opningstider Laurdag 1.desember: Langope til kl. 18 Syndag 2. desember: Kl. 12-18 i butikkane i Lom sentrum NB: Opningstidene kan variere noko frå butikk til butikk. Sjå magasinet som er sendt ut i posten ("Desember i Lom") eller ta direkte kontakt med butikken.

Julestemning i Lom fyrste syndag i advent

2. desember blir det adventsmesse i Lom stavkyrkje kl. 15.00, og deretter fakkeltog frå kyrja over brua og tenning av julegrana på Fossberje kl. 16.00. Her blir det julemusikk av korpset og gange rundt juletreet for alle som vil. 

Kl. 18 blir det "Hyljarhildring", ein konsert med Hans W. Brimis ord og tonar, med ulike aktørar. Konserten blir i Lom stavkyrkje.

Jotunheimen Hestelag stiller opp med skysskjøring i vogn og slede og riding både laurdag og syndag under årets handelshelg. Du finn dei bak Fossberg Hotell.

I tillegg vil alle elevbedriftene ved Lom ungdomsskule ha stand i Bergomsgarden laurdag og syndag og i Presthaugen på julemarknaden laurdag 8. desember. Dei kan tilby mellom anna kjøttkaker, ved, kalender, kort, bakst og ulike tenester.

Desember i Lom - kva skjer?

  •  Måndag 3. des.: Bygdekino, Norsk Fjellmuseum. Reisen til julestjernen, kl. 18.00. Ingen aldersgrense. 
     Bygdekino, Norsk Fjellmuseum. The Twilight Saga, Breaking Dawn part 2, kl. 20. Aldersgrense 11.
  • Tysdag 4. des.: Lom knipsarlag med "ope dag" på Fjellmuseet. Kl. 19.00
  • Onsdag 5. des: Førjulskonsert med Lomsklangen i Lomskyrkja, kl. 19.00 
  • Fredag 7. des.: Førjulsdag på Biblioteket med aktivitetar, servering og sal av varer frå Lom arbeidssenter. Kl. 10.00- 14.00.  Fredagstreffen, Friviljugsentralen. Kl. 10.30
  • Laurdag 8 des.: Førjulsmarknad i Presthaugen med sal og aktivitetar. Kl. 11.00 til 13.00. Lokalt handverk, gode julevarer, graut, musikk og eit triveleg miljø. 
  • Syndag 9.des.: Ljosmesse i Garmo kyrkje kl. 19.30 
  • Onsdag 12. des.: Avslutning av småbarnstreffen, Frivilijugsentralen kl. 11.00. 
  • Torsdag 13. des.: Julekonsert med Reidar Svare og Gjeling-Ljomen, kl. 20.00
  • Fredag 14. des.: Avsluning til jul på Friviljugsentralen med grautservering og adventstund i Lomskyrkjja. Kl. 10.30
  • Syndag 16. des.: Ljosmesse i Bøverdalen kyrkje. Kl. 19.30
  • Onsdag 19.des.: Nissespiontur i Tronoberget. Ta med lykt, gode klede og kanskje litt mat. Frammøte ved Rema 1000 kl. 17.00. Arr. DNT Gudbrandsdalen
  • Fredag 21. des.: Øgly Kid Moe på Nordalsfjoset pub. Frå kl. 21.00
  • Måndag 24. des.: Huslydmesse i Lom stavkyrkje. Kl. 15.00.
  • Tysdag 25. des.: Huslydmesse i Bøverdalen kyrkje kl. 11.00
  • Onsdag 26. des.: Høgtidmesse med nattverd i Garmo kyrkje. Kl. 11.00
  • Torsdag 27. des.: Nattverdmesse på Lom helseheim. Kl. 11.00 og romjul på Fossheim, Celters frå kl. 21.00
  • Fredag 28. des.: Lomsk på Nordalsfjoset. Frå kl. 21. 00
  • Syndag 30. des.: Øgly Kid Moe på Nordalsfjoset pub. Frå kl. 21.00
  • Måndag 31. des.: Nyttårsmesse på nattverd i Lom stavkyrkje. Kl. 23.00

Med atterhald om manglar og endringer. Sjå elles kulturkalenderen på www.lom.no.  
 

 

Tips ein ven Skriv ut