Innspel?

Innspel?

Har du innspel til reglane for bruk av næringsfondet i Lom?

Ei samansett arbeidsgruppe er i gong med å revidere reglane for bruk av næringsfondet i Lom, og du kan påverke prosessen i ei tidleg fase.

I fyrste omgang ynskjer vi innspel på:

1. Har du konkrete forbetringsforslag til eksisterande regelverk? Reglane for bruk av næringsfondet kan sjåast her , mens dei nyaste reglane for kommunale tilskot i landbruket / skogbruket finn du her
2. Har du innspel på kva som bør prioriterast i eit nytt regelverk? Kom gjerne med ei kort grunngjeving for dine synspunkt.

Det er ingen "siste frist" for å kome med innspel, men dersom du ynskjer å melde inn noko før neste arbeidsmøte så må dei sendast innan 4. februar.
Det blir presisert at alle kan kome med ei uttale seinare i prosessen, når forslaget frå arbeidsgruppa blir sendt ut på høyring.
Det er eit mål om å få klart eit høyringsutkast våren 2017.

Send innspela til næringssjef Åshild Myhre Amundsen / ashild.amundsen@lom.kommune.no eller til leiaren for arbeidsgruppa Marit Sletten / marit.sletten@hotmail.com
Det er også mogleg å gi dine innspel / forslag direkte til dei som deltek i arbeidsgruppa.

Dette er:

Næringsliv:
Karoline Skjepingstad, på vegne av nyetablerarar
Kristian Kjæstad, på vegne av primærnæringane
Ole Kristian Sveen, på vegne av sekundæringane
Martine Hårstad, på vegne av tertiærnæringane

Politiske representantar:
Marit Sletten (leiar)
Eilev Hellekveen
Norvald Hellekveen
Jarmund Øyen

Frå administrasjonen:
Åshild M. Amundsen
Silke Hansen
Per Ekre

Tips ein ven Skriv ut