Haustkveld med ny vri

Variert kulturprogram, boklansering og blautkake.

Fossberg, Nordal og Fossheim inviterte til bokutgjeving med blautkake under Lom kommune sin Haustkveld under Lomseggen i år. Fredag 30.okt. var "heile bygda" samla til festkveld.

Rikt innhald

Programmet var langt og innhaldsrikt, men variert. Folket heldt ut utan å klaga. Tvert om var det mykje vellåt å høyre. Song og musikk frå ulike sjangrar og utøvarar, verbale innslag og utstilling, unge og velvaksne både på sena og i salen.
Lomsambassadør Arvid Møller
Lomsambassadør Arvid Møller

Ambassadør Møller

Boka Livet på Bergom vart lansert under haustkvelden. Forfattar Arvid Møller har skrive 10 bøker frå Lom, ei bygd han har eit spesielt forhold til. Det passa difor godt at ordførar Simen Bjørgen utnemnde Møller til Lomsambassadør.
Kulturstipendvinnar Hanne S. Kolden, ordførar Simen Bjørgen og kulturprisvinnar Aase Marstein
Kulturstipendvinnar Hanne S. Kolden, ordførar Simen Bjørgen og kulturprisvinnar Aase Marstein

Glade prisvinnarar

Kulturpris og -stipend gjekk i år til to jenter frå Lia. Songtalentet Hanne Sanden Kolden fekk kulturstipendet for å utvikle talentet sitt. Aase Marstein fekk kulturprisen for arbeidet med å gjera Haukdalen til ein kunst- og kulturheim, med utgongspunkt i m.a. målar og 150-årsjubilant Gustav Wentzel.


  • Tips ein ven