Ola Helstad (i midten på biletet) med heider for 25 års teneste til (frå venstre) Kristbjørn Rossehaug, Oddny Skjerpingstad, Anita Fosstuen og Asta Brimi Lyngved. Jostein Aakre og Kristin Sole var ikkje til stades ved utdelinga.

Ola Helstad (i midten på biletet) med heider for 25 års teneste til (frå venstre) Kristbjørn Rossehaug, Oddny Skjerpingstad, Anita Fosstuen og Asta Brimi Lyngved. Jostein Aakre og Kristin Sole var ikkje til stades ved utdelinga. unknown

Heider til tilsette med lang og tro teneste for Lom kommune

- 1989 var eit spesielt år, sa administrasjonssjef Ola Helstad på Lom kommune sin tradisjonelle julekaffe for tilsette i Lom kommune. Det var mange store hendingar:

  • Studentopprør på Den himmelske freds plass
  • Berlinmuren fall
  • Kongeleg resolusjon fastsette grensa i Finndalen
  • Fjuken kom ut for første gang

- Men det viktigaste med året 1989 er at det er 25 år sia og med det er det i dag klart for utdeling av klokke til tilsette med 25 års teneste for lom kommune.

Ola Helstad (i midten på biletet) med heider for 25 års teneste til Kristbjørn Rossehaug, Oddny Skjerpingstad, Anita Fosstuen og Asta Brimi Lyngved. Jostein Aakre og Kristin Sole var ikkje til stades ved utdelinga.

Jostein Aakre

  • Adjunkt m/tilleggsutdanning
  • 60% stilling frå 01.08.98
  • Fast tilsett i 70% stilling frå 01.08.96 ved Jotunfjell leirskule
  • 75% stilling i fjellskulen frå 01.01.10

Jostein Aakre var ikkje til stades på utdelinga.

Anita Fosstuen

  • Adjunkt
  • Tilsett 01.08.1989
  • Har hatt arbeidsstad både i Garmo, Lia og på Loar
  • Har sidan 01.08.09 vore tillitsvald for Utdanningsforbundet
  • Har vore kulturkonsulent i 50% stilling frå 01.08.01 – 28.02.02

Asta Brimi Lyngved

  • Utdanna førskulelærar
  • Engasjement som styrar i barnehagane i Lia og i Garmo frå oktober 1989
  • Fast tilsett som styrar 01.08.1990

Kristbjørn Rossehaug

  • Lærar i Lom kommune
  • Ulike vikariat ved Lia skule og Odda skule frå 27.02.1989
  • Fast tilsett 01.08.1990
  • Rektor Lia skule og barnehage frå 01.08.1999
  • Lærar frå 2003 etter at Lia vart lagt ned
  • Vikariat som kultur- og ungdomskonsulent frå 01.01.08, fast tilsett frå 01.08.09 i 100% stilling
  • Permisjon i deler av stilling som kultur- og ungdomskonsulent for å undervise i Spansk på ungdomsskulen
  • Fast tilsett i 100% stilling som undervisningsinspektør frå 01.08.13

Oddny Skjerpingstad

  • Vikar i 100% ved rådmannskontoret frå 12.05.1986
  • Fast tilsetting i 50% ved rådmannskontoret 01.12.1987
  • 50% vikariat i tillegg til fast til 01.07.1990
  • 50% stilling frå 01.07.1990
  • Ulike stillingar i tillegg til 50% fast fram  til 18.08.2004
  • Fast 100% stilling i Støttefunksjonen frå 2006

Kristin Sole

  • Utdanna barnepleiar
  • Tilsett 18.01.1989
  • Arbeidd i Lia barnehage og Loar barnehage
  • Fast tilsett i 50% frå 01.08.1995
  • Utvida til 100% fast i 1998

Kristin Sole var ikkje til stades ved utdelinga.

Tips ein ven Skriv ut