Heidundranes lagsfest

Lagsfesten på Storhaugen i går var svært vellukka, med nærmare 50 oppmøtte, god stemning, god mat og flott underhaldning. Eit av høgdepunktet på festen var då Marit Sletten vart heidra med Friviljugprisen for Lom 2008.
Nærare 50 friviljuge var i går samla på Storhaugen til lagsfest. Arrangør for kvelden var Liv i Lom og Lom kommune, som tykte ein slik lagsfest var ein fin måte å gjere stas på alle dei friviljuge eldsjelene som finst i kommunen. Programmet for kvelden var variert. det heile starta med ein kviss, før me fekk presentert praktfull song ved Marina Kvålshagen, innimellom mykje god mat var det også underhaldning frå Reidar Svare og Lom trekkspelklubb.

Stor stas var det då Friviljugprisen for lom 2008 vart delt ut til Marit Sletten. Og nemnda sin grunngjeving var:
Ho står fram som ein optimistisk og løysingsorientert leiar med syn for nye idear og lite fokus på moglege hindringar på vegen.
Vinnaren fører vidare ein god og viktig tradisjon både når det gjeld velvilje, optimisme, kreativitet og dugnadsinnstilling i det friviljuge arbeidet i Lom.
Vinnaren av friviljugprisen har engasjert seg på mange område, ikkje minst som initiativtakar til hobbydans og -dramagruppe blant unge i Lom, leiar av Lom ungdomsråd og som festivalleiar for vinterfestivalen Bøverbrus.
Tips ein ven Skriv ut