Lom samfunnshus frå nedsida

Lom samfunnshus frå nedsida

Også garderobeanlegget i samfunnshuset må stengje

Heilt stengt i tri månader

Fredag 10.februar blir siste dagen garderobeanlegget i Lom samfunnshus kan brukast på ei god stund. Grunnen er den omfattande anleggsverksemda i huset framover. Dette inneber m.a. kjerneboring og betongsaging som også omfattar garderobeanlegget i samfunnshuset.
Dette gjer det uråd å halde det reint. Sikkerheita til brukarane er også ein viktig grunn til å stengje for ei periode.
I april startar utgraving for den nye hallen. Då vil det ei periode vera stor anleggstrafikk på området. Dette gjer det vanskeleg med anna ferdsle.

Underetasjen må såleis stengja fram til mai. Vi kjem attende til nærare tidspunkt for opning av garderobeanlegget att.
Fram til stenging ber vi om at brukarane studerer nye rømmingsplanar.
Tips ein ven Skriv ut