Heimehjelp

Innbyggjarane får tildelt heimehjelp som hjelper til at dei kan bu heime, og førebygger behov for høgare omsorgsnivå. Arbeidsoppgåver brukarane sjølve ikkje kan utføre, vil bli prioriterte.

Arbeidsoppgåver som blir utført av heimehjelp

Reinhald: Golvvask, pussing av vindaugo, støvsuging og støvtørking av rom som er i dagleg bruk. Denne type reinhald vil bli utført ein gong i veka eller annakvar veke. Reingjering av avtrekksvifte over komfyr minst ein gong i året. Husvask blir ikkje utført av heimehjelp.
Vask av tekstilar/klede: Heimehjelpa kan ta småvask, dvs.tekstilar/klede som kan leggjast i bløyt og bli vridd opp. Anna vask må foregå i maskin. Dei som ikkje har vaskemaskin, kan få vaska kleda sine ved å ta kontakt med lokalt vaskeri.
Innkjøp: Nærbutikken bør brukast til innkjøp av mat. Primært skal heimehjelpene som handlar inn for brukar, skrive varene på rekning. Betaling med kontantar skal skje berre unntaksvis. Kvittering skal leverast til brukar saman med varene i båe tilfelle.
Mat: Heimehjelpene kan utføre hjelp til førebuing av måltid og enkel matlaging. Middagslaging blir berre utført ved særskilde behov. Heimehjelpa kan ordne med avtale om matombringing. Baking, safting og sylting inngår ikkje i arbeidet til heimehjelpa.
Personleg hygiene: Heimehjelpa kan utføre hårvask og bad, samt enklare hudpleie.
Sosiale aktivitetar: Heimehjelpa skal orientere om dei tilbod kommunen har, og oppmuntre til deltaking.
Utearbeid: Heimehjelpa kan bere inn ved og måke snø rundt trappene. Hogging av ved og lagring av større mengder ved inne er ikkje heimehjelpsoppgåver. Heller ikkje hagearbeid, innhausting av bær, frukt og poteter inngår i heimehjelpa sitt arbeid.
Heimehjelpa har ikkje ansvar for opprydding etter gjester, som t.d. reiing av senger og sengeskift.

Tenesta nyttar elektronisk pasientjournal

Heimehjelpa har rapporteringsplikt til overordna om tilhøve hjå brukar, t.d. endring i helsetilstand. Brukar skal på førehand alltid informerast om dette.
Som kommunalt tilsett har ikkje heimehjelpa lov til å motta gåver frå brukarane.
Teieplikt: Heimehjelpa har teieplikt i alle forhold rundt brukarane.
Oppseiing av tildelt heimehjelp skal skje skriftleg.
  • Målgruppe for tenesta

    • Søkjarar som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål.
  • Slik får du tenesta

    • Ein får eige søknadsskjema ved å kontakte pleie og omsorg.
    • Heimehjelp blir tildelt etter kartlegging av funksjonsnivå og hjelpebehov. Under kartlegginga blir det utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt.
    • Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden får du av oss.
  • Pris

    • Eigenbetaling etter nettoinntekt av den samla skattbare inntekt for husstanden (ektefelle /sambuar) før særfrådrag.
    • Inntektsgrensene blir justerte etter grunnbeløpet i folketrygda som for tida er kr. 79 216. Satsane pr. månad er:
    • Inntekt under 2G: kr. 170,-
    • Inntekt frå 2G og under 3G: kr. 547,-
    • Inntekt frå 3G og under 4G: kr. 785,-
    • Inntekt frå 4G og under 5G: kr. 1 146,-
    • Inntekt frå 5G og over: kr. 1 629,-
    • Betalingsordninga er basert på sjølvkostprinsippet (d.v.s. den enkelte skal ikkje betale meir for tenesta enn kostnaden ved å produsere den). For Lom kommune kostar ein heimehjelpstime kr 260,- å produsere (løn, feriepengar, pensjon, arbeidsgjevaravgift pluss 10% administrasjonsutgifter av lønskostnadene).
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg, telefon 61 21 72 25.
  • Lovgrunnlag

    • Heimehjelp er ei lovpålagt teneste etter sosialtenestelova. Om betaling, sjå kap. 8 i forskrift til lov om sosiale tenester.
    • Forvaltningsloven.
    • Sosialtenesteloven § 4-2a om praktisk hjelp.
    • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene.
    • Forskrift til lov om sosiale tenester.
    • Rettleiar i saksbehandling og dokumentasjon for pleie- og omsorgstenester.
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltningslova §27.3 og Sosialtenestelova §8.6. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Pleie og omsorg i Lom kommune innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Sentralbord: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933