Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at dei som vil skal få bli buande i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det.
Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Lom.

Heimesjukepleie blir gjeve til:

Hjelp til personleg stell
Hjelp ved måltid
Hjelp ved forflytting
Hjelp til bruk av medikament, injeksjonar, sårstell, stomistell, blodprøvetaking m.m.
Formidling av behov for hjelpemiddel
Tilsyn og fagleg vurdering
Rettleiing til personar og pårørande i høve til demens, andre diagnoser el. livssituasjonar
Utrykking ved bruk av tryggleiksalarm
Stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom
Heimesjukepleia kan og yte hjelp til ei verdig livsavslutning

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar utan omsyn til alder, som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg.
  • Slik får du tenesta

    • Ein får tenesta ved å søkje på søknadsskjema eller gje melding om behov på telefon. Heimesjukepleia vil kome på heimebesøk og kartleggje funksjonsnivå og omfang av tenestebehovet. Det blir også utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt. Søknaden blir individuelt behandla.
    • Du får skriftleg melding om vedtak. Tenesta nyttar elektronisk pasientjournal.
    • Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden får du av oss.
    • Den som treng hjelp på dagen, må ta kontakt med oss på telefon: 61 21 72 25.
  • Pris

    • Tenesta er gratis.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg, telefon 61 21 72 25.
    • Sjukepleiar 1 Torbjørg Graffer Myrhaug, telefon 47 46 02 96.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste.
    • Rett til heimesjukepleie er heimla i Lov om helseteneste i kommunen § 2-1 jfr. § 1-3 og i forvaltningslova.
    • Helsepersonelloven
    • Pasientrettigheitsloven
    • Forskrift om individuell plan
    • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
    • Avgrensinga i helsepersonells adgang til å motta gåve (rundskriv)
    • Lov om pasientrettar kapittel 4A. Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp (rundskriv)
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket etter Forvaltningslova §§ 27.3 og 28 og Lov om helseteneste i kommunene §2-4. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til pleie og omsorg i Lom kommune innan 4 veker frå vedtaket er motteke. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga.