Framside/Tenester til deg/Omsorgstenester/Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at dei som vil skal få bli buande i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Lom.

Heimesjukepleie blir gjeve til:

Hjelp til personleg stell Hjelp ved måltid Hjelp ved forflytting Hjelp til bruk av medikament, injeksjonar, sårstell, stomistell, blodprøvetaking m.m. Formidling av behov for hjelpemiddel Tilsyn og fagleg vurdering Rettleiing til personar og pårørande i høve til demens, andre diagnoser el. livssituasjonar Utrykking ved bruk av tryggleiksalarm Stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom.

Kvalitetsstandardar

Dokumentet ”Kvalitetsstandardar for pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune” er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane. 

https://lomkommune.custompublish.com/kvalitetsstandardar.382461.nn.html

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar utan omsyn til alder, som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg.
  • Slik får du tenesta

    • Kontakt Lom og Skjåk tildelingskontor, telefon 90 56 22 91.
  • Pris

    • Tenesta er gratis.
  • Kontakt

    • Heimesjukepleia: Telefon 97 50 68 60.
    • Avd. leiar heimesjukepleia: Torbjørg Graffer Myrhaug, telefon 97 50 68 60.
  • Kontakt e-post

    • torbjorg.graffer.myrhaug@lom.kommune.no
  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste.
    • Rett til heimesjukepleie er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 fyrste ledd nr 6 bokstad a.
    • Forvaltningsloven
    • Helspersonelloven
    • Pasient- og brukarrettigheitsloven
    • Forskrift om individuell plan
    • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta
    • Avgrensinga i helsepersonells adgang til å motta gåve (rundskriv)
    • Lov om pasientrettar kapittel 4A. Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp (rundskriv)
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket etter Forvaltningslova §§ 27.3 og 28 og Lov om helseteneste i kommunene §2-4. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til pleie og omsorg i Lom kommune innan 4 veker frå vedtaket er motteke. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga.
Tips ein ven Skriv ut