Helikopterflyging i låg høgde over Jotunheimen

Norges geologiske undersøkelser (NGU) vil i juli/august utføre målingar frå helikopter i låg høgde over Jotunheimen. Formålet med målingane er å kartleggje Cesiuminnhaldet på bakken etter Tsjernobylulykka. Dette fører framleis til høgare radioaktivitet i rein- og sauekjøtt.

Ved å finne ut korleis nedfallet fordeler seg, er tanken at dyra kan styrast unna dei mest utsette områda i tida før slakting. Erfaring frå Nord-Trøndelag tilseier at nedfallet kan liggje lokalt. Fleire av kartleggingslinjene kryssar område i Lom. Det er gjeve dispensasjon for lågtflyging over Smådalsvatni naturreservat.

Sjå vedlagde pressemelding frå NGU med kartskisse (pdf-fil, 136KB).