Legevakt116117

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117

Frå 1. september har legevakta same nummer i heile landet: Det sekssifra nummeret 116117 (hundreogseksten-hundreogsøtten). Frå den datoen vil du koma fram til legevakta der du er uansett kvar i landet du ringer frå. Nummeret fungerar både frå fasttelefon og mobil, og er gratis. 

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekkja hjelp der det hastar, og som ikkje kan handterast av eigen fastlege.

 

Det gamle nummeret til legevaktsentralen vil fungera som før(61 70 08 00). Det kan brukast dersom ein ynskjer å nå ei annan legevakt enn der ein ringer frå. Dette kan vera naudsynt til dømes om ein ringer på vegne av eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i ein annan kommune.

Nytt kontor for tildeling av tenester i pleie og omsorg

Tildelingskontoret er ei ny felles teneste for Lom og Skjåk.  Tildelingskontoret tek i mot og behandlar søknader om tenester i pleie og omsorg. Rettferd og likskap er ei rettesnor for kontoret.

Folkehelseprofil for Lom kommune

Folkehelseprofilar for kommunane 2015 er i dag publiserte på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Tema for 2015-profilane er psykisk helse blant barn og unge. Kommunane vil også finne forskjell i levealder mellom utdanningsgrupper. På landsbasis er denne forskjellen 7 år for menn og 5 år for kvinner.

Lenke til folkehelseprofilen for Lom kommune.

Og her kan du finne profilen for andre kommunar i landet.

Folkehelseoversikt Lom kommune

Alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har fått utarbeidd folkehelseoversikter ved koordinator i samfunnsmedisin i samarbeid med den enkelte kommune. Du kan sjå alle oversiktene ved å gå inn på heimesida til Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske Senter, www.nglms.no.

Helse og rehabilitering

Helsetenestene i Lom kommune er lokalisert på helsesenteret og på helseheimen.