Framside/Tenester til deg/Helse og rehabilitering/Helsestasjon/Helsestasjon for barn
baby-feet-1025398_640

Helsestasjon for barn

Helsestasjonen gjev eit gratis helsetilbod til alle barn i alderen 0-5 år. Tenesta ynskjer å støtte føresette i foreldrerolla. Alle får tilbod om heimebesøk innan to veker etter heimkomst frå barselavdelinga. Helsesyster tek kontakt via telefon så fort fødselsmeldinga er komen, og da blir det gjort avtale om heimebesøk.

Helsestasjonsprogrammet 0-5 år

Tenesta fylgjer tilrådd helsestasjonsprogram i Veileder til forskrift "Kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetenesten", men har organisert tenesta for å tilpasse best mogleg lokale tilhøve. 

Oversikt over helsestasjonsprogrammet 0 - 5 år
Alder   Aktivitet
1-2 veker:   heimebesøk til nyfødt ved helsesyster
6 veker   individuell konsultasjon med helsesyster og lege, vaksine
8 veker   individuell konsultasjon med mor: samtale om psykisk helse
3 mnd:   individuell konsultasjon med helsesyster, vaksiner
 4 mnd:   individuell konsultasjon med helsesyster og fysioterapeut
 5 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster, vaksine
 6 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster og lege
 8 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster
 10 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster
 12 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster og lege, vaksine
 15 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster, vaksine
 18 mnd:   individuell konsultasjon ved helsesyster
 2 år:   individuell konsultasjon ved helsesyster og lege
 4 år:   individuell konsultasjon ved helsesyster og motorisk gruppe med fysioterapeut i barnehagen
 5 år:   individuell konsultasjon (førskule) ved helsesyster og lege

 

Gruppetilbod:

  • Barselgruppe etter fødsel 
  • Cos-p foreldrerettleiingskurs haust og vår
  • Fyrstehjelpskurs i løpet av fyrste leveår
  • Målgruppe for tenesta

    • Barn frå 0-5 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Føresette har ansvar for at barn får dekt sine behov for omsorg, og tett samarbeid med føresette er viktig for tenesta.
  • Slik får du tenesta

    • Tenesta er eit tilbod som du får ved å ta kontakt med helsestasjon eller skulehelsetenesta. Når barn flytter til Lom, får tenesta oversendt helsekort når foreldre ber om dette frå den førre helsestasjonen. Foreldre til nyfødt blir kontakta så fort som mogleg etter heimkomst og når fødselsmelding frå sjukehuset har kome.
  • Kontakt

    • Liv Marie Øyjordet 61 21 72 07 / mob 97 66 77 47 liv.marie.oyjordet@lom.kommune.no
    • Stine Brenna 61 21 72 14 / mob 97 66 77 46 stine.brenna@lom.kommune.no
  • Lovgrunnlag

    • Tenesta er lovpålagt.
    • - Folkehelselova (sjå lenkeboks til høgre på sida)
    • - Helse- og omsorgstjenesteloven (sjå lenkeboksen til høgre)
    • - Forskrift om kommunen si helsefremmande og førebyggande arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
    • - Veileder IS-1154 til forskrift.
    • - Helsepersonelloven.
    • - Pasientrettighetsloven.
  • Rett til å klage

    • Klage på tenesta kan sendast leiar for Helse- og velferd, Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM
Tips ein ven Skriv ut