Helsestasjonen

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei gratis teneste til alle barn og unge 0-20 år. Tenesta er eit lågterskeltilbod og skal ta i vare det heilheitlege førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Tenesta arbeider også med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering. Tenesta skal gje informasjon og rettleiing til barn og unge, føresette, gravide, samt befolkninga i kommunen.

Samarbeid

Tenesta har samarbeid med andre kommunale tenester som lege, jordmor, fysioterapeut, avdeling for psykisk helse, folkehelsekoordinator, NAV, barnevern, PPT, barnehage og skule. Samarbeid med tenester i fylkeskommunen som tannhelsetenesta og skulehelsetenesta i vidaregåande skule. Samarbeider med spesialisthelsetenesta som BUP(barne- og ungdomspsykiatri)og habiliteringstenesta.