Hip hop 001

Hiphop og break i gymmen

Hiphop og break i gymmen er truleg ikkje kvardagskost for lomselevane. Derfor sette dei ekstra stor pris på å få ein heil dansedag. Også lærarane deltok med liv og lyst.

Del av kroppsøving

Dans er ein viktig del av kroppsøvingsfaget. For lærarane vart derfor dette samtidig ein kursdag der dei kunne hente inspirasjon og ferdigheiter til seinare bruk. Instruktør var Marikken Heitkøtter frå Oslo, instruktør ved Circle Det Norske Hip Hop Huset, Quickstyle Studio Og The Vibe . Ho dansar i fleire grupper og har vore med i mange kjente danseshow.

Imponerande innsats

Ungdomsskulen hadde ein dag og 5.-7.klasse ved Loar og Garmo ein dag. Underteikna deltok saman med ungdomsskulen og var mållaus av beundring over korleis Marikken leda 100 elevar og lærarar gjennom hiphop og break, new style og old school. Men mest imponerande var innsatsen til elevane. Makan til ungdomsskuleelevar skal ein leite lenge etter! Det same kan heilt sikkert seiast om 5.-7.kl, men der fekk ikkje underteikna høve til å delta
Tips ein ven Skriv ut