Historisk bra leseresultat

Resultatet på nasjonale prøver i lesing vart publisert denne veka.
Lom ungdomsskule har aldri hatt betre resultat, noko rektor Tore Mundal naturleg nok er svært tilfreds med. Også fungerande rektor ved Loar skule, Torlaug Øyen, er godt tilfreds.

Bruk av resultata

Nasjonale prøver blir gjennomført for 5. 8. og 9. klasse i dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, engelsk og rekning. I Lom blir resultatet brukt aktivt for å utvikle skulen til å bli enda betre.

Stabilt gode

Ein kan ikkje leggje for stor vekt på resultatet det enkelte år, men sjå utvikling over tid. Når det er sagt, har aldri skulane i Lom vore under landssnitt på nasjonale prøver i lesing. Det mest gledelege er likevel at det i år er langt færre elevar på dei lågaste nivåa enn året før. Det gjeld både Loar og ungdomsskulen. For Garmo er ikkje statistikken tilgjengeleg.

Toårig lesesatsing

Men skulane kviler ikkje på laurbæra. Å kunne lese er ein føresetnad for å kunne tileigne seg kunnskapar i alle fag. Derfor deltek skulane i Lom i ei toårig satsing gjennom Bredtvet kompetansesenter der målet er at alle elevar i Lom skal bli flinkare til å lese og dermed lære betre i alle fag.
Tips ein ven Skriv ut