Framside/Politikk/Høyringar

Forlenga høyringsfrist 15. september

Høyring – framtidig skulestruktur

Lom kommunestyre har gjeve administrasjonen i oppdrag å kome med framlegg til framtidig skulestruktur, med frist 15. oktober 2014.
Lenke til saksframlegget
Lenke til vedtak med mandat.

Kommunen ynskjer ein mest mogleg open prosess og ber om innspel frå alle som ynskjer å uttale seg. I den samanhengen er det utarbeidd eit høyringsdokument som inneheld bakgrunnsinformasjon og oversikt over fire ulike måtar å organisere skulane på.

Det blir spesielt bedt om synspunkt på

  • Kva talar for å oppretthalde gjeldande struktur, med vekt på kvalitet og ressursutnytting.
  • Kva  talar for å endre skulestrukturen, med vekt på kvalitet og ressursutnytting.
  • Kven av dei fire modellane som bør veljast, gjerne med grunngjeving.

Uttaler

Administrasjonen ber om uttale innan 15. september 2014.

Uttalene skal sendast på e-post til post@lom.kommune.no eller pr. brev til
Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom . Merk uttala «Uttale skulestruktur 2014.»

Om det er spørsmål til saka, ta kontakt med:
Rådgjevar oppvekst, herdis.kvamme.repp@lom.kommune.no  telefon 976 67 744.

Tips ein ven Skriv ut