Framside»Politikk»Høyringar

Høyring om utbygging av høghastigheit breiband i Nord-Gudbrandsdalen

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har lyst ut nye midlar til utbyggingsprosjekt for høghastigheit breiband i Norge. Dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen går i år saman om ein felles søknad om midlar.

Regionen vår har mange område der det grunnleggjande tilbodet av breiband er svært dårleg. Vi har eit stort utbyggingsbehov for å kunne sikre at innbyggjarar og næringsliv i regionen får eit tilbod som møter dagens krav til kommunikasjon og tenesteyting. Sjølv om behovet er stort og det er mange område som skulle vore dekt, er det vanskeleg å få dekt alt gjennom ei søknadsrunde. Det er difor lagt til grunn ei kommunal prioritering der eitt utbyggingsområde i kvar kommune er tatt med i denne søknadsrunda. Vi ønskjer å sjå årets søknad som ein del av ei større plan for framtidig satsing på breiband og vi vil leggje til grunn at nye søknader vil bli fremma dei kommande åra, om tilskottsordninga består, slik at ei ytterlegare utbygging kan skje.

Dei aktuelle områda i denne søknadsrunda er:

  • Lesja Joramo-området (bustadområda)
  • Dovre Strekning mellom Stuen og Tofte, inkludert Dovre sentrum
  • Sel Nedre Heidal
  • Skjåk Nordberg (strekning frå Skjåk I til Dønfoss)
  • Lom Bøverdalen
  • Vågå Nordherad

Høyringsinnspel kan sendast til respektiv kommune. Klikk på kommunenamn over for kontaktinformasjon.
Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål.

Høyringsfristen er 10. mai 2015.

Søknadsfristen til NKOM er 15. mai 2015.

Tips ein ven Skriv ut