Næringsfond, høyring

Næringsfond, høyring

Høyringutkast: Reglar for bruk av næringsfondet

Kommunen ynskjer gjerne innspel til høyringsutkasta som ligg vedlagt. Frist for å kome med innspel er 15. mai.

Bakgrunn

Næringsfondet er eit viktig verktøy for å stimulere til næringsutvikling i Lom. Kommunen ynskjer derfor gjerne innspel på prioriteringane som er gjort i høyringsutkastet.
Dokumenta vil ligge ute på høyring til 15. mai. Etter dette vil administrasjonen vurdere dei ulike innspela og legge fram ein sak for politisk nivå i Lom.
Regelverket skal til slutt godkjennast hos Fylkesmannen i Oppland.

Utkasta har vorte utarbeida av følgjande arbeidsgruppe, med fire personar frå næringslivet og fire politikarar:
Marit Sletten (leiar), Norvald Hellekven, Eilev Hellekven, Jarmund Øyen, Karoline Skjerpingstad, Kristian Kjæstad, Ole Kristian Sveen og Martine Hårstad. Åshild M. Amundsen, Silke Hansen og Per Ekre har koordinert arbeidet frå administrasjonen si side.

Dersom du ynskjer å lese litt meir om korleis fondet har vore brukt dei siste ti åra kan du lese den ferske evalueringsrapporten. Den finn du her: http://www.lom.kommune.no/evalueringsrapport-bruk-av-kommunalt-naeringsfond-2006-2015.5912978-42902.html
Sist gong regelverket vart revidert var i 2005 (med unntak av landbruk- og skogbruksdelen).

Høyringsutkast

Etter inspirasjon frå m.a. Luster kommune har det vorte utarbeida to høyringsutkast:

1.  Eit langsiktig overordna regelverk kalla standardvedtekter,  som er basert på nasjonale standardvedteker.

2. Meir detaljerte retningslinjer som skal bli vurdert  i samanheng med det årlege budsjettarbeidet.

Høyringsuttale

Du kan si di meining på følgjande vis:
- Ein e-post til ashild.amundsen@lom.kommune.no
- Innspel i form av brev kan leverast i servicetorget eller sendast til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2680 Lom.
- Trykk på "gi attendemelding" heilt nederst på sida

Alle innspel vil bli journalført. Frist: 15. mai 2017.
Spørsmål til utkastet kan rettast til leiar av arbeidsgruppa Marit Sletten, 41429596, marit.sletten@lom.kommune.no

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut