Detaljreguleringsplan for Brubakken – offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Brubakken ligg no ute for offentleg ettersyn, med frist for innending av merknadar sett til 26. februar 2018.

Formannskapet har i møte 12.01.18, sak 01/18 vedteken med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-10 og 11, å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Brubakken ut til offentleg ettersyn.

Planområdet omfattar i arealet/trekanten mellom vegane Brubakken, Solsidevegen og Rv. 15. 

Føremålet med planarbeidet er å legge rammer og føringar for gjennomføring av trafikksikrande tiltak langs den kommunale vegen Brubakken som går frå Norsk Fjellsenter til Lom helseheim. 

For byggeområda som inngår i planområde ønskjer ein gjennom reguleringsplanen å fastsetja dagens arealbruk, i tråd med dei føringane som ligg i kommunedelplanen for sentrum. 

Detaljreguleringsplanen er tilgjengeleg på Lom folkebibliotek og i servicetorget på Midtgard.

Eventuelle merknadar til planen sendast til Lom kommune v/Miljø-Teknisk-Næring, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller til post@lom.kommune.no innan 26. februar 2018.

Sammenfatta dokument inneheld:

  • Saksutgreiing
  • Planomtale
  • Plankart
  • Planføresegner
  • Profil 1
  • Profil 2
  • Detalj Norsk Fjellsenter

Dokument: