Oppstart av planarbeid:

Felles kommunedelplan for klima og energi for Skjåk, Lom og Vågå kommunar - offentleg ettersyn av planprogram

Vågå, Lom og Skjåk kommunar har gjort vedtak om å starte opp arbeidet med revisjon av kommunedelplan for klima og energi. I framlegg til planprogram blir det lagt opp til ein felles kommunedelplan for alle tre kommunane, men med separate tiltaksdelar for kvar kommune. Planprogrammet blir med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Framlegget til planprogram finn du her, saman med høyringsbrev og behandling i formannskapet.

 

Innspel til planarbeidet, og uttaler til planprogrammet kan sendast innan 12.02.2018 til: Lom kommune; Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller e-post: post@lom.kommune.no

 

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218