Søknad om barnehageplass 2018

Sklia i Loar barnehage - Klikk for stort bilde

Søknad om plass i barnehagane i Lom kommune frå 20.august 2018 for barnehageåret 2018/2019:

Lovfesta rett til barnehageplass gjeld ved hovudopptaket - innan søknadsfristen (Lov om barnehagar §12a).
Søknadsfrist er 15.februar.

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av oktober det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september eller oktober det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. 

Merk at rett til barnehageplass gjeld plass i kommunen, ikkje plass i einskild barnehage.  

  

Dei som har barnehageplass, men ynskjer utvida tilbod (fleire dagar) frå nytt barnehageår, må sende søknad innan fristen.

Felles elektronisk søknadsskjema finn du her

 

Teknisk hjelp kan du få på servicetorget Lom kommune, tlf. 61 21 73 00 og i barnehagane.

Kontakt

Ragnhild Vestad
Leiar barnehagane i Lom
Mobil 404 48 551
Mari Weldingh
Styrar Garmo barnehage
Mobil 976 21 643
Herdis Kvamme Repp
Rådgjevar oppvekst
Mobil 976 67 744