Framside»Tenester til deg»Sosiale tenester»Husbankordningar

Husbankordningar - Tenesteinnhald

Alle låne- og tilskottsordningar frå Husbanken er lagt til sosialavdelinga som vidareformidlar dei.

Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.
Les meir om bustøtte.

Startlån

RETNINGSLINER FOR STARTLÅN – LOM KOMMUNE

(revidert etter endring i forskrift gjeldande frå 01.04.14)

  1. 1   Formål

Hovudformålet med startlån er å medvirke til at personer med langvarige bustadfinansieringsproblem skal få høve til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader.

  1. 2 Kven kan få lån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller stort nok lån i ordinære kredittinstitusjonar.

Startlån er behovsprøvd og det skal leggjast vekt på om søkjar:

  •  Er forventa å ha langvarige problem med å finansiere eigd bustad 
  •  Har benytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske moglegheitane søkjar si inntekt og nødvendige utgifter til livsopphald gjev.

Kommunen kan gje startlån i følgjande situasjonar for søkjar:

  • husstanden har barn eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar og hensynet til å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan stutt tid taler for det
  •  husstanden har problem med å dekkja buutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan verta buande i eigd bustad
  • busituasjonen hindrar moglegheitane til å oppretthalde eit arbeidsforhald, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet eller
  • lånet bidreg til betre utnytting av kommunalt disponerte bustader.

Kan og omfatte: lågtlønna, einslege forsørgjarar, flykningar og utviklingshemma.

  1. 1 Kva kan det gjevast lån til:

Det er ein føresetnad at bustaden ikkje er vesentleg større enn eit nøkternt behov for den aktuelle husstanden og at den er rimeleg og nøktern i høve til prisnivået i området. Bustaden skal vera heilårsbustad og søkjaren sin husstand må sjølve bu i bustaden. 

Startlån kan ikkje gjevast til finansiering av utleigebustad. Startlån kan heller ikkje gjevast til landbrukseigedom med konsesjonsplikt(søkjarar skal da visast til SND/Innovasjon Norge)

  • Kjøp av bustad

Startlån kan gjevast til kjøp av bustad, anten som topp- eller fullfinansiering

  • Utbedring

Startlån kan gjevast til utbedring i høve til husstanden sitt areal- eller tilpasningsbehov

  • Refinansiering

Startlån kan nyttast til refinansiering av dyre lån dersom det resulterer i at husstanden får ein reell moglegheit til å bli buande i bustaden. Refinansieringa gjeld berre lån som er gjeve til bustaden. Det skal berre vera mogleg å få refinansiering ein gong. Sikkerheit for lånet skal liggje innafor bustaden sin marknadsverdi.

  • Førehandsgodkjenning

Kommunen kan gje ei skriftleg stadfesting på at lånesøkjar vil få startlån dersom søkjaren finn ein høveleg bustad etter husstanden sitt behov og betalingsevne. Førehandsgodkjenning er gyldig i 6 mnd med moglegheit for forlenging i spesielle tilfelle.

 

  1. 2 Kva kan det ikkje gjevast lån til
  • kjøp og/eller utbedring av landbrukseigedomar
  • finansiering av utleigebustad
  • refinansiering av anna lån enn bustadlån

Du kan heller ikkje få startlån dersom

  • du har gjeld til kommunen på grunn av tidlegare misleghald av bustadlån og /eller bustadtilskot eller økonomiske misleghald av leigetilhøve i kommunale bustader. I vurderinga vil det også leggjast vekt på betalingsmisleghald overfor andre kreditorar.
  • du ha søkt om gjeldsordning eller har inngått gjeldsordningsavtale jfr. Gjeldsordningsloven av 17.07.92.
  • du tidlegare har fått innvilga startlån til same husstand
  • du tidlegare har fått kjøpslån, oppføringslån, etableringslån eller bustadtilskot.

Det er for tida inga elektronisk søknadsløysing, aktuelle søkjarar lyt søkja om startlån i papirversjon som du finn her:  www.husbanken.no

Bustadtilskott

Tilpasning / utbetring:
Kan gjevast i samband med spesialtilpasning av ny bustad og utbetring eller tilpasning av brukt bustad.

Målgruppe er rusmisbrukarar, flyktningar, funksjonshemma eller andre spesielt vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Til etablering:
Kan gjevast i samband med kjøp, utbetring eller oppføring av bustad.

Målgruppa er funksjonshemma, særleg vanskelegestilte og unge i etableringsfasa.

Tilskotsordninga er strengt behovsprøvd, der husstanden sin samla situasjon og økonomi blir lagt til grunn.Det er utarbeidd retningsliner fastsett av Husbanken.

Nærare informasjon og søknadsskjema får du på www.husbanken.no.

Generelt

Søknader om oppføringslån eller utbetringslån blir sendt Husbanken for behandling.

Låne- og tilskottsordningane er behovsprøvde.

Brosjyrer, søknadsskjema og nærare informasjon om ordningane får du ved å gå inn på Husbanken sine heimesider.

  • Kontakt

    • Økonomikontoret ved Trude Slettom.
  • Kontakt e-post

    • trude.slettom@lom.kommune.no
  • Kontakt telefon

    • 481 65 536
Tips ein ven Skriv ut