Husbankordningar - Tenesteinnhald

Alle låne- og tilskottsordningar frå Husbanken er lagt til sosialavdelinga som vidareformidlar dei.

Bustønad

Formålet med bustønad er å hjelpe barnefamiliar, eldre og uføre med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller bli buande i ein god bustad. Søknad om bustønad skal sendast til NAV-kontoret på eige skjema. Søknadsfristane er 10. februar, 10. juni og 10. oktober kvart år.

Startlån

Startlån skal medvirke til at husstander med bustadetableringsproblem skal få sjansen til å etablere seg og bli buande i eigen bustad. Startlån er ei behovsprøvd låneordning som kan gjevast i samband med kjøp, utbetring, oppføring av bustad eller til refinansiering av dyre lån. Målgruppa er unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar, eller andre økonomisk vanskelegestilte husstander. Søknadsskjema og Lom kommune sine retningsliner for ordninga får du ved å klikke deg vidare inn på nettet eller ta kontakt med NAV-kontoret. Startlån kan søkjast fortløpande.

Bustadtilskott

Til tilpasning:
Kan gjevast i samband med spesialtilpasning av ny bustad og utbetring eller tilpasning av brukt bustad.

Målgruppe er rusmisbrukarar, flyktningar, funksjonshemma eller andre spesielt vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Til etablering:
Kan gjevast i samband med kjøp, utbetring eller oppføring av bustad.

Målgruppa er funksjonshemma, særleg vanskelegestilte og unge i etableringsfasa.

Tilskotsordninga er strengt behovsprøvd, der husstanden sin samla situasjon og økonomi blir lagt til grunn.Det er utarbeidd retningsliner fastsett av Husbanken.

Nærare informasjon og søknadsskjema får du ved å kontkate NAV-kontoret i Lom, telefon 61 41 75 00, eller på www.husbanken.no.

Generelt

Søknader om oppføringslån eller utbetringslån blir sendt Husbanken for behandling.

Låne- og tilskottsordningane er behovsprøvde.

Brosjyrer, søknadsskjema og nærare informasjon om ordningane får du ved å ta kontakt med NAV-kontoret eller gå inn på Husbanken sine heimesider.

  • Kontakt

    • NAV-kontoret i Lom.
  • Kontakt telefon

    • 55 55 33 33