Hyttetomter

I Lom kommune er det få område som er regulert og lagt til rette for bygging av hytter og fritidsbustader. Etter kommuneplanen er oppføring av ny eller vesentleg utviding av eksisterande fritidshus ikkje tillate utanom område avsett til formålet i plan. Innan området Galdesand-Raubergstulen, som er utpeikt som satsingsområde for reiseliv/næringsutvikling, er det gjennom kommunedelplan og reguleringsplanar lagt til rette for bygging av fritidsbustader.

Regulerte hyttefelt i område Galdesand - Raubergstulen.

Innan området Galdesand-Raubergstulen, som er utpeikt som satsingsområde for reiseliv/næringsutvikling, er det gjennom kommunedelplan og reguleringsplanar lagt til rette for bygging av fritidsbustader.
Det er her regulert tre private felt:
Tjønnbakken hytteområde - 12 tomter.
Saltsletta hytteområde - 30 tomter.
Galdhøpiggen høyfjellshytter - 27 tomter.
Dette er tomter med krav om tilknyting til offentleg avlaup.

Regulert hyttefelt ved Liasetrin

Nedafor Liasetrin er det regulert eit hyttefelt for hytter av enklare standard, Blåfuruhaugen hytteområde, med 10 tomter.

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

Opningstider servicetorget:
Måndag-fredag 8:00-15:30

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932