topnav left.png
topnav right.png
lom nasjonal.png
mainmenu left.png
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
mainmenu right.png

Idrettsanlegg

Lom har mange ulike arenaer for idrett.
Her er nokre av dei:

Elvesæter hotell

På Elvesæter hotell er det m.a. symjebasseng.

Fossberg hotell

Fossberg hotell har både symjebasseng og treningsstudio. Gjester og bygdafolk kan nytte anlegga mot betaling

Galdhøpiggen Sommerskisenter

Privat skitrekk på Juvbreen som berre er ope i sommarhalvåret

Garmo idrettsplass

Garmo idrettsplass ligg strategisk i byggjefeltet Frisvoldskogen og nær skulen. Idrettplassen har grasbane med løpebane rundt. Det er ikkje garderobe i tilknyting til anlegget, men det er garderobeanlegg i skulen som ligg i næreleiken. Sjå elles nettsida http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiOrgInfo&OrgElementId=22165

Garmo skule og barnehage

Uteanlegget ved Garmo skule og barnehage er eit variert nærmiljøanlegg.

Grov badeplass og molo Vestom

Grov stadion er det badeplass og båtplass med molo

Grov stadion

Grov stadion er idrettsanlegget i Lom sentrum. Det er Lom idrettslag som eig anlegget. Anlegget ligg ved elva på nordsida av sentrum, like nedanfor samfunnshuset. Anlegget inneheld fleire grusbanar og ei nokså ny kunstgrasbane med flaumljos. Dessutan er det tilrettelagt for ein del friidrettsaktivitetar i anlegget. Det er stor aktivitet i Grov, særleg med treningar og fotballkampar for aktive, frå dei minste til dei vaksne. Tidlegare var det to handballbanar i anlegget. Desse ligg brakk i dag. På den eine blir det sprøytt vatn om vinteren til skeiseaktivitet for ungar. Lom idrettslag har også klubbhus i Grov. Sjå elles nettsida www.lom-idrett.no

Kleppdalen orienteringsområde

Det er utarbeidd orienteringskart over Kleppdalen i Garmo. Det er Garmo i.l. som eig kartet.

Leirmoen idrettsplass

Leirmoen idrettsplass ligg på Leirmoen i Bøverdalen og er ei lita grusbane. Bana har høge ballfangargjerde rundt og er av nyare dato. Sjå elles nettsida http://xn--bverdalen-il-vjb.com/

Loar skule

Loar skule sitt uteområde er eit variert nærmiljøanlegg, med m.a. hinderløype, sykkelbane, ballbanar og klatrevegg.

Lom samfunnshus

Lom samfunnshus ligg i utkanten av Lom sentrum, sentralt plassert mellom Grov stadion og Lomskyrkja. Huset er det største samfunnshuset i bygda. I det snart 50 år gamle huset er det m.a. stor sal. Her har ungdomsskulen og vidaregåande kroppsøving, og idrettslaget brukar salen til trening på kveldstid. Det er også ein mindre sal i tilknyting som blir brukt i nokon grad. Under salen er det symjebasseng for skulane og for fritidsbading. Lom samfunnshus inneheld også styrketreningsrom og eit rom med ergometersyklar. Det er også garderobeanlegg for aktivitetane i samfunnshuset og i Grov.

Lom ungdomsskule sin ballbinge

Lom ungdomsskule har ballbinge som ligg godt synleg til like ved riksvegen midt i Lom sentrum. Bingen er open for alle.

Lomseggen klatretårn

I austkanten av Lom sentrum ligg Lomseggen klatretårn like ved riksvegen. Tårnet er i privat eige og er mykje brukt.

Odda ljosløype

Ved tidl. Odda skule er det ljosløype. Det er Bøverdalen idrettslag som har denne.

Presthaugen friområde

Presthaugen er eit naturområde midt i Lom sentrum, like bak fjellmuseet og Kyrkjelydshuset, like ved Loar barnehage og Ungdomshuset. I tillegg til at Preshaugen er museumsområde og utesceneområde, er Presthaugen eit triveleg naturområde å ferdast i, trene i, leike i eller drive med andre aktivitetar. Området er mykje brukt av skulane og barnehagen.

Runningom skiløyper

På Runningom øvst i Bøverdalen blir det kvar vinter køyrt opp skiløypeanlegg. Det er Bøverdalen idrettslag som står for drifta av desse løypene.

Steinfjoset

Steinfjoset er Loar skule sin kroppsøvingssal. Salen har scene, men er ikkje særleg stor. Huset er av eldre dato. Garderobeanlegget i kjellaren er gammalt og slite og har liten kapasitet. Det kan vera ei god løysing å bruke garderobeanlegget i Lom samfunnshus, sjølv om ein brukar Steinfjoset til aktivitetar. Før bygget vart kroppsøvingssal var det – som namnet tilseier – fjøs på Lom prestegard.

Skiområdet i Lia

Ved Måsåmyr i Lia startar eit variert løypenett vinterstid med både ljosløype, skogsløype og fjelløype. Skigruppa i Lom idrettslag eig og legg ned stor innsats i drift av anlegget, noko som kan vera utfordrande i urolege vintrar.

Spiterstulen

På hotellet på Spiterstulen er det symjebasseng.

Steinøyom skytebane

I Steinøyom i Medalen ligg Lom og Skjåk skyttarlag sitt anlegg i Lom.

Storhaugen aktivitetsløype

Ved Storhaugen i Bøverdalen er det laga ei ski- og aktivitetsløype til bruk på både berr mark og snøføre.

Storhaugen alpinanlegg

Ved Storhaugen i Bøverdalen er det ein liten, men nokså bratt bakke med skitrekk. Det er Bøverdalen idrettslag som eig og driv anlegget i samarbeid med Storhaugen gard.

Sveagruva nærmiljøanlegg

I byggjefeltet Prestgardsskogen er det tilrettelagt eit lite aktivitetsområde i Sveagruva.

Turstigar

Det er ei mengd turstigar rundt om i li og fjell i heile Lom kommune. Mange av desse blir skilta i desse dagar.

Visdalen

I Visdalen blir det kvar vinter køyrt opp skiløyper. Det er Bøverdalen idrettslag som står for drifta av desse løypene.


  • Tips en ven