Ståande applaus for Lom ungdomsskule og Lomsk

Ståande applaus for Lom ungdomsskule og Lomsk

Peer Gynt og Lomsk i ungdommeleg blanding med Lom ungdomsskule

Imponerande ungdomsskuleelevar

Eit velreggisert fyrverkeri av ei framsyning var det 270 vaksne og ein god del ungar fekk oppleva fredag 7.sept. Aud G. Sørhage og Endre Skjåk haddemakta å gjera ungdomsskuleelevane til skodespelarar på to veker. Og for ei framsyning!
Bukkerittet med Lom ungdomsskule og Lomsk
Bukkerittet med Lom ungdomsskule og Lomsk

Fengslande framsyning og ståande applaus

I samspel med Lomsk fekk vi store delar av dramastykket Peer Gynt med overbevisande ungdomsskuleelevar i rollene, blanda med Lomsk sine eigne songar til stykket. Ei vellykka blanding var det heile, ikkje minst då fleire av elevane i tur og orden var gjestesolistar med Lomsk! Alle elevane hadde roller og utførte dei på ein imponerande måte, somme av dei med svært mykje utanåtlæring! Elevane har øvd ivrig to intense, men gode veker. Ungdomsskulen har markert seg som kulturformidlar med fokus på anna enn eksamen og karakterar. Gratulerer, alle saman!
Mafia i Dovregubbens hall
Mafia i Dovregubbens hall

Peer hjå psykolog og mafia i Dovregubbens hall

Tips ein ven Skriv ut