Sørensen som har nytta helga i Lom og Jotunheimen besøkte både Galdhøpiggen og Klimapark 2469. Ho inspiserte også arbeidet som pågår med stitilrettelegging i området mot utsiktspunktet Kjelen.
– Lom har fått mange konkrete resultat ut av satsinga på nasjonalparklandsbyen og deltaking i verdiskapingsprogrammet for naturarven. Eg er rett og slett imponert, avslørte statssekretæren, som roste leiaren i landsbyrådet Mai Bakken for arbeidet ho har lagt ned.
 |
| Mai Bakken (t.h.) synte fram ferskvaredisken med nye arkeologiske funn for statsekretær Sørensen |
Sørensen fekk sjå "ferskvaredisken"
I løpet av sentrumsvandringa vart det også tid til eit besøk i ferskvaredisken på Fjellmuseet, der fleire orginalfunn er utstilt. Heidi Sørensen var initiativtakar til eit sikringsprogram for kulturminne som smeltar fram i høgfjellet, å ho likte det Bakken kunne vise fram.
- Alt eg har sett denne helga er sterke prov på dei moglegheitene som er knytt til verdiskaping med grunnlag i natur og kulturarven vår, kommenterte statssekretæren.
Les meir om dei nye funna på nettstaden til Norsk Fjellmuseum.
Behov for auka ressursar
Mai Bakken nytta også høvet til å peike på behovet for auka ressursar til informasjon og naturvegleiing i tilknyting til nasjonalparkane våre. Men ho klargjorde samstundes at Lom ligg langt framme i arbeidet med å nytte stadeigne kvalitetar i utviklingsarbeidet.
- Dette gjev grunnlag for bærekraftig og framtidsretta utvikling avslutta Mai Bakken.