Heidi Sørensen fekk med seg mai Bakken som guide på vandring i Fossbergom

Heidi Sørensen fekk med seg mai Bakken som guide på vandring i Fossbergom

Imponert statssekretær

Statssekretær Heidi Sørensen frå Miljøverndepartementet var tydeleg imponert over alle dei konkrete resultata Lom har fått ut av satsinga på nasjonalparklandsbyen. Dette kom fram sist sundag då leiar i landsbyrådet og varaordførar Mai Bakken tok ho med på ei sentrumsvandring.

Statssekretær Sørensen fekk med seg Mai Bakken som lokalkjent guide på sentrumsvandring i Fossbergom.

Sørensen som har nytta helga i Lom og Jotunheimen besøkte både Galdhøpiggen og Klimapark 2469. Ho inspiserte også arbeidet som pågår med stitilrettelegging i området mot utsiktspunktet Kjelen. – Lom har fått mange konkrete resultat ut av satsinga på nasjonalparklandsbyen og deltaking i verdiskapingsprogrammet for naturarven. Eg er rett og slett imponert, avslørte statssekretæren, som roste leiaren i landsbyrådet Mai Bakken for arbeidet ho har lagt ned.

Mai Bakken (t.h.) synte fram ferskvaredisken med nye arkeologiske funn for statssekretær Sørensen
Mai Bakken (t.h.) synte fram ferskvaredisken med nye arkeologiske funn for statsekretær Sørensen

Sørensen fekk sjå

I løpet av sentrumsvandringa vart det også tid til eit besøk i ferskvaredisken på Fjellmuseet, der fleire orginalfunn er utstilt. Heidi Sørensen var initiativtakar til eit sikringsprogram for kulturminne som smeltar fram i høgfjellet, å ho likte det Bakken kunne vise fram.

- Alt eg har sett denne helga er sterke prov på dei moglegheitene som er knytt til verdiskaping med grunnlag i natur og kulturarven vår, kommenterte statssekretæren.

Les meir om dei nye funna på nettstaden til Norsk Fjellmuseum.

Behov for auka ressursar

Mai Bakken nytta også høvet til å peike på behovet for auka ressursar til informasjon og naturvegleiing i tilknyting til nasjonalparkane våre. Men ho klargjorde samstundes at Lom ligg langt framme i arbeidet med å nytte stadeigne kvalitetar i utviklingsarbeidet. - Dette gjev grunnlag for bærekraftig og framtidsretta utvikling avslutta Mai Bakken.

Tips ein ven Skriv ut