Revisor
Da ein av medarbeidarane i Nord-Gudbrandsdal kommunerevisjon skal ha permisjon, søkjer vi etter ein revisor
på heil/deltid med utdanning og praksis innan faga rekneskap og revisjon. Søkjarar med annan relevant utdanning og/eller praksis blir også oppfordra til å søkje. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat, men vil truleg bli gjort om til fast. Søkjaren bør ha interesse for prosjektretta arbeid da stillinga også kan omfatte forvaltningsrevisjon.
Ledig fastlegeheimel / kommunelege 1 i Lom kommune
Har du lyst til å bli kommunelege i ein gjestfri og nyskapande kommune?
Frå 1. januar 2011 er det ledig 100% fastlegeheimel ved Lom legekontor. Til den ledige heimelen ligg ansvaret som kommunelege 1 – m.a. at vedkomande blir kommunens medisinskfaglege rådgjevar.
Listelengde inntil 1200 + inntil 7,5 t pr. veke med kommunale oppgåver.
Listelengde inntil 1200 + inntil 7,5 t pr. veke med kommunale oppgåver.



