www.lom.kommune.no

Politisk organisering

Lom kommune har formannskap og kommunestyre.

Formannskapet har 5 medlemmar og kommunestyret har 17 medlemmar.

I tillegg kan det oppnemnast særskilte saksutval, som har frå 2 til 5 medlemmar valde av kommunestyret eller formannskapet. Saksutvalet skal sende saker tilbake til kommunestyret eller formannskap, og verker innafor dei tidsrammer og mandat som er sett.

Kommunen praktiserer og å oppnemne eit eige budsjettutval som tek for seg komande årsbudsjett og økonomiplan. I tillegg vert det oppnemnt ei valnemnd og eit valstyre.

Utanom formannskap og kommunestyre har Lom kommune desse utvala:
- Administrasjonsutval
- Arbeidsmiljøutval
- Ungdomsråd
- Eldreråd
- Kommunalt råd for funksjonshemma
- Takstutval
- Overtaktsnemnd
- Vilt og innlandsfiskenemnd
- Tilsettingsutval
2009-10-13 Karl Viggo Waldersløv