Framside»Tenester til deg»Omsorgstenester»Inn på tunet
Inn på tunet logo

Inn på tunet logo

Inn på tunet i Lom og Skjåk

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Inn på tunet-gardar tilbyr aktivitetar som gjev meiningsfullt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Både forsking og erfaring viser positive effektar av desse tiltaka.

Inn på tunet - Myren
Inn på tunet - Myren

Utgangspunkt i garden

Felles for alle Inn på tunet tilbod er at ein tek utgangspunkt i garden og ressursane der for å fremme helse, utdanning eller gje moglegheit for arbeidstrening. Tilbodet skal gje mestring, utvikling, trivsel og på den måten bidra til betre livskvalitet for brukarane.

Inn på tunet - Brandsarbakken
Inn på tunet - Brandsarbakken

Brukargrupper

Tilboda i Inn på tunet kan tilpassast ulike brukargrupper med utfordringar knytt til både fysisk og psykisk helse. Tenestene er retta mot eit bredt spekter av sektorar som barne- og familievern, barnehage, grunnskule, vidaregåande skuler, vaksenopplæring, skulefritidsordningar, arbeidstrening, samt grupper innanfor psykisk helse, rus, psykiatri, eldre og personar med demens som treng tilrettelagde tilbod.
 
Fleire garder i Lom og Skjåk har prøvd Inn på tunet tenester og nokre har utvikla eit tilbod på garden og tek imot brukarar etter avtale. Nokre garder har gjort seg ein del tankar og har her skissert korleis eit slikt tilbod av Inn på tunet tenester kunne sjå ut dersom nokon er interessert i å benytte seg av det. Trykk på gardsnamnet for å gå inn og lese meir om den enkelte garden.

 

Inn på tunet i Skjåk og Lom

 

Det vil vera moglegheit for å utvikle fleire/andre Inn på tunet tilbod tilpassa ei bestemt brukargruppe saman med den som ynskjer å inngå ei avtale om kjøp av Inn på tunet tenester.

Du finn meir informasjon om Inn på tunet på Matmerk si nettside:http://www.matmerk.no/inn-pa-tunet  

Spørsmål om Inn på tunet?

Ta kontakt med Landbrukskontora i Lom og Skjåk!

Inn på tunet - Nordigard Ramstad
Inn på tunet - Nordigard Ramstad
Lam i Myren
Lam i Myren
Inn på tunet - Nyrnes
Inn på tunet - Nyrnes
Tips ein ven Skriv ut