Visuelt oversyn over kva ein kjernejournal er

Visuelt oversyn over kva ein kjernejournal er

helsenorge.no informerer:

Innbyggarar i Lom kommune får kjernejournal

11. mai 2016 får alle innbyggjarane i Hedmark og Oppland sin kjernejournal. Det kan vere til stor hjelp i akutte situasjonar.

Visuelt oversyn over kva ein kjernejournal er

Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Han viser helseopplysningar som er særleg viktige dersom du treng akutt hjelp, og får behandling ein stad der du ikkje har vore før. Kjernejournalen er eit supplement til pasientjournalar hos fastlege, legevakt og sjukehus. Når rundt 400 000 innbyggjarar i Hedmark og Oppland no får sin kjernejournal, har til saman 3,1 millionar nordmenn fått denne tenesta.

- I dag er det mange som trur at helsepersonell kan sjå opplysningar på tvers av behandlingsstader, men det kan dei ikkje. Fell du om på gata og blir køyrt på legevakta, har dei ikkje automatisk tilgang til opplysningar om deg, men må finne dette manuelt. Det kan ta tid. Her kan kjernejournalen vere til stor hjelp, seier divisjonsdirektør Anne-Lise Härter i Direktoratet for e-helse.

 

Ei undersøking gjort av Ipsos MMI for Direktoratet for e-helse, viser at 27 prosent av dei som har fått kjernejournal, har logga seg inn via helsenorge.no for å sjå kjernejournalen sin. Dette er ei tredobling sidan 2013. 

25 prosent av dei som har logga seg inn, har òg lagt inn eigne opplysningar.

- Innbyggjarane sine eigne opplysningar kan vere viktige, særleg i ein akutt situasjon. Til dømes er opplysningar om næraste pårørande avgjerande for at helsepersonell raskt kan få tak i rett person. Det kan òg vere viktig at helsepersonell kjenner til sjukdomshistorikken din når dei skal gi deg behandling. Dette kan ein registrere sjølv i sin eigen kjernejournal, seier Anne-Lise Härter.

Ho legg til at det uansett kan vere lurt å logge seg inn for å sjå dei opplysningane i kjernejournalen. Desse blir henta automatisk frå offentlege register, som Norsk pasientregister, Fastlegeregisteret, Folkeregisteret, og apotek.

Kva står det i kjernejournalen?

Kjernejournalen viser opplysningar om deg som allereie finst i offentlege register: Kven som er fastlegen din, kva for legemiddel du har henta på resept, i tillegg til oppdatert kontaktinformasjon og namn på næraste familie. Dersom du har vore til behandling på sjukehus etter 2008, står det òg når du var der og kva for avdeling du har vore på. Det står ikkje noko om diagnosar eller notat legen har skrive i samband med behandlinga.

Du kan sjølv registrere kontaktpersonar, sjukdommar og om du har utfordringar med syn, høyrsel eller språk. 

Har du alvorlege allergiar eller ei sjeldan liding som det er viktig for helsepersonell å kjenne til, kan du be legen din registrere dette i kjernejournalen din neste gong du har time. 

Skjermbilde 2016-04-27 kl

Kvar finn du kjernejournalen din?

Du kan logge deg inn med elektronisk ID (BankID, Buypass eller Commfides) og sjå kjernejournalen din via helsenorge.no. 

Reservasjon

Ønskjer du ikkje å ha ein kjernejournal, kan du når som helst reservere deg. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no/kjernejournal og gå til innstillingane for kjernejournalen din. 

Har du spørsmål om kjernejournalen eller andre tenester på helsenorge.no, kan du ringe brukarstøtte 800HELSE (800 43 573).

Her ser du kvifor kjernejournal er viktig:

Tips ein ven Skriv ut