Innsetjing av ny sokneprest

Fullsett kyrkje tok imot nypresten.

Synnøve Sakura Heggem på preikestolen i Lomskyrkja. Foto: Hans Erik Kjosbakken, Fjuken
Velkomen Synnøve Sakura Heggem!

Sundag 17.oktober tok Lom imot sin fyrste kvinnelege sokneprest, Synnøve Sakura Heggem. Ei fullsett Lom stavkyrkje var pynta til fest med born, prestar frå nabosokna, prosten, mykje bygdefolk og om lag 40 personar frå Rena, der nypresten har vore til no. Gudstenesta vart ei festsamling med innsetjing av Synnøve, dåp og nattverd, og med lokale aktørar som gledde oss med klingande song og spel.

Kyrkjekaffien på Fossberg venta oss etter messa med mykje god mat og eit hyggeleg vertskap. Det var fleire som utrykte glede og takksemd over at Synnøve er komen til oss i Lom og mange gode ynskje for at ho vil finne seg til rette og trivast her. Og vi fekk høyre talentfulle Vemund Olav Aukrust spela på piano.
Fleire frå Rena viste tydeleg gjennom tale og song kor mykje Synnøve har betydd for dei dei åra ho var prest der, og gav sterke formaningar om at Lom tek godt vare på ho.

Tusen takk til alle aktørar og bygdefolk at dykk var med oss denne dagen og gjorde gudstenesta og kyrkjekaffien så flott og minnerik.
Ungane i Lom barneklang sa unisont det vi alle ynskjer å setja ord på:
Vælkomen åt oss, Synnøve prest!


Foto: Hans Erik Kjosbakken, Fjuken.

Kyrkjekontoret

Postadresse:
Pb 177, 2688 Lom
Telefon: 61 21 73 39
Sekretær Elsa J. Mikkelsen
Kyrkjeverje Kristian Olav Garmo, 61 21 73 38
Barne-og ungdomsarbeidar: Trine Martiniussen 40 84 10 81

Vikarprest: 
Kåre Gloslie

Telefon: 61 21 73 40
mob.970 35 967

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932