Investerings- og utviklingstilskot til daglegvarebutikk i Lom

Coop Marked Bøverdalen er ein av 175 daglegvarebutikkar som får tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet til investering og utvikling. Det har vore hard konkurranse om midlane, og Coop Marked Bøverdalen får totalt 82.000 kroner.

Frå pressemeldinga til Kommunal- og regionaldepartementet

-15 millionar kroner blei sett av til dette i 2010. Det er desse midlane som no blir fordelte. Konkurransen mellom søkjarane har vore hard. Difor er eg glad for at det også er sett av 15 millionar kroner til det same tiltaket for 2011. Da kan enda fleire butikkar få tilskot, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Viktig for lokalsamfunn

-Eg veit at nærbutikken er viktig for mange lokalsamfunn. Butikken som møteplass og tenesteleverandør i eit bygdesamfunn kan ikkje overvurderast, det er sjølve limet i bygda. Det er difor svært gledeleg at so mange har søkt, og dermed vist at det er mange engasjerte butikkdrivarar som vil satse. Eg er svært glad for at departementet kan støtte det viktige arbeidet som lokale kjøpmenn gjer, seier statsråden.
Kommunal- og regionaldepartementet bidreg med inntil 50 prosent av kostnadane til naudsynte investeringar i nye kjøl/frys anlegg, eller til investeringar i dataanlegg. Dette er heilt naudsynt om butikkane skal kunne drive vidare, og vere eit konkurransedyktig alternativ til butikkar i større sentra.
Tips ein ven Skriv ut