Frukostmøte på Bakeriet. Foto av Eidenshage

Frukostmøte på Bakeriet. Foto av Eidenshage

Invitasjon til frukostmøte angåande skilting i industriområde

Tysdag 24. februar kl. 8 ynskjer Lom kommune å invitere til eit frukostmøte for å diskutere skilting i industriområde.
Det er sendt ut brev til alle verksemder, og vi håper at mange tek seg tid til å kome.
Møtet blir på kommunestyresalen på Midtgard. Enkel servering.
 

Etter innspel frå næringsdrivande har Lom kommune tatt initiativ for å få på plass betre skilting i industriområde vårt. Tidlegare har det vore brukt DA-midlar til diverse oppryddingstiltak, men ein kom aldri i mål med skiltinga. Vi har per dags dato kr. 50 000 i øyremerka midlar til tiltaket.

Sidan april 2014 har eg og ordførar Bjarne E. Holø vore på fleire besøksrundar for å få innspel, i tillegg til å sende ut brev og e-post (der vi har hatt tilgjengeleg kontaktinformasjon).
Vi er også i dialog med Statens Vegvesen.
Prosessen har dessverre dratt ut i tid, da prosjektet vart noko større og meir komplisert enn planlagt.

Tysdag 24. februar kl. 8.00 ynskjer vi derfor å invitere til eit frukostmøte for å «samle trådane». Vi håper at flest mogleg av dykk tek seg tid til å kome, slik at vi i fellesskap blir einige om korleis vi skal løyse dette på best mogleg måte. Vi spanderer frukost på kommunestyresalen.

Tema:

  • Namn og plassering

  • Behov for skilting

  • Kostnadar og finansiering
     

    På grunn av matservering ber vi om attendemelding på om du kjem innan 23. februar,

    til e-post ashild.amundsen@lom.kommune.no eller tlf. 975 22 977.
    Dersom du ikkje har moglegheit til å kome er det sjølvsagt mogleg å sende innspela dine på e-post, ringe eller ta turen innom kommunehuset for ein prat.  
     

    Vel møtt!

    Med beste helsing frå

    Åshild Myhre Amundsen

Tips ein ven Skriv ut