Istunnelen på Juvfonna.

Istunnelen på Juvfonna.

Unik i sitt slag i verda.

Istunnelen opna

Eit hundretals interesserte frå fjern og nær fekk oververa opninga av den spektakulære isgrotta i Juvfonna tysdag. Folk frå ulike fagmiljø og politiske miljø hadde møtt opp. Likeins bygdafolk og andre interesserte. Ordførar Simen Bjørgen ynskte vel møtt og orienterte om bakgrunn, gjennomføring og visjonar for den kunstige isgrotta, som er eineståande i sitt slag i verda.

Borna fekk koma fyrst inn i isgrotta
Borna fekk koma fyrst inn i isgrotta

Borna er framtida

Fleire sentrale aktørar kom med helsingar før fylkesvaraordførar Reidun Gravdal stod for den offisielle opninga. Det var ikkje tilfeldig at de fyrste gjestene var borna. Grotta er eit vindauge mot fortida, men med utvikling inn i framtida som siktemål. Inne venta eit spektakulært syn trylla fram på rekordtid, som berre er byggjesteg 1 i prosjektet.

Issøyle med ljos i isgrotta
Issøyle med ljos i isgrotta

Handarbeid, kunst og solceller

Etter lokal dugnad på snørydding til innslagsstaden i mai, brukte fire franskmenn berre to veker på å hogge ut heile tunnelen med grotter for hand. Den utgravne massa tilsvarar 120 lastebillass! Dei to neste vekene brukte iskunstnar Peder Istad på den kunstnarlege utforminga, slik at det heile har blitt ei heilt spesiell oppleving både for auga og tanken. Ljoset i grotta hentar straum frå solcellepanel på utsida. Alt er klima- og miljøvennleg.

Mykje folk og fint ver under opninga av istunnelen
Mykje folk og fint ver under opninga av istunnelen

God start

Veret var fint, pressa var til stades, borna fekk fyrsteretten og starten kunne difor knapt vore betre. Klimapark 2469 er vel etablert med fokus på både forsking og formidling. Prosjektleiar Espen Finstad og alle vi andre kan vera stolte over istunnelen i Juvfonna.

Tips ein ven Skriv ut