Beitebruksplan for Lom

Beitebruksplan for Lom vart handsama i Kommunestyret 30. august 2007. Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen har ønskt at alle kommunane skal ha ein beredskapsplan for beitedyr, og ein slik plan er difor ein del av den nye beitebruksplanen for Lom kommune.

Sjå beitebruksplanen (pdf-fil, 1,3MB).

Omdisponering av jord

Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon (eks. våningshus nr. 2, grustak, skog, jultre). Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje blir eigna til jordbruksproduksjon i framtida. Det kan gjevast dispensasjon i særlege høve. Løyve til omdisponering fell bort dersom arbeidet med å nytte jorda til nytt føremål ikkje er sett iverk innan tre år.

Endra jordarbeiding

Det blir gjeve tilskot til korn- og grønfórareal som ikkje blir jordarbeidd om hausten. Dersom det blir sådd fangvekst på arealet blir det gjeve eit tillegg. Det blir og gjeve tilskot til grasdekte vassvegar i open åker og i ompløgd grasmark. Tilskotet varierer med erosjonsfaren og søknadsomfanget. Føremålet er å redusere erosjon og arealavrenning frå jordbruksareal. Ordninga er ein del av søknad om produksjonstilskott.

Organisert beitebruk

Det vert gjeve tilskot til organiserte beitelag. Ordinært tilskot pr. dyr: - kr 5 pr. sau som er komen heim frå utmarksbeite - kr 10 pr. storfé som er komen heim frå utmarksbeite

Nydyrking

Kommunen skal godkjenne nydyrkingsplanen.

Dette gjeld følgjande arbeid:
- opparbeiding frå udyrka til fulldyrka mark,
- opparbeiding frå udyrka mark til overflatedyrka mark og
- opparbeidinga av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år til overflatedyrka eller fulldyrka mark

Arbeid som ikkje treng løyve:
- rydding av beiteareal, så lenge arealet ikkje blir sletta slik at det er mogeleg med maskinell hausting,
- fulldyrke areal som alt er overflatedyrka.

Landbruk

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 73 01
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932