Vanlege spørsmål/Friviljugsentralen

Juleavslutning på fredagstreffen i 2014.

Juleavslutning.

Juleavslutningar er noko alle ser fram til med pakkar, graut, julekaker og besøk av nissen. Alle på fredagstreffen vart i år som i fjor inviterte til musikkandakt i Lom Stavkyrkje, kjente og kjære julesongar og solist Roar Aas sang vakkert i julepynta kyrkje. Organist Terje Blakarstuen spelte. Og Jonas Fjeld leia den fine stunda i Lom Stavkyrkje.

Ei triveleg og god stund i kyrkja. Ca. 30 framøtte. Etter musikkandakta vart alle bedne på friviljugsentralen på kjøtsuppe kaffi og biteti.Flinke friviljuge hadde laga kjøtsuppe, pynta fint i lokala og nydeleg heimebakst. Gode juleminner vart delt og møteplassen og samhaldet er noko av det viktigaste vi har. Få vera noko for kvarandre og bli sett.

Tips ein ven Skriv ut