front

Julebordet ved Lom helseheim 2015

Tysdag 8. desember 2015 vart helseheimen i Lom sitt tradisjonelle julebord arrangert. Denne gongen inviterte helseheimen og ein del hjelparar som har bidrege litt ekstra i løpet av året, med til dømes gåver, fisk, bær - og ikkje minst aktiviteter og sosiale hendingar.

 

Velgjeraren Helal og aktivitøren Endre
Velgjeraren Helal og aktivitøren Endre

Terningkast 6!

Ved å inkludera desse helparane i julebordtradisjonen vil leiarane synleggjera at alle som bidreg til at helseheimen er ein flott stad å vera, vert sett stor pris på! 

Eit døme på hjelpar kan vera Helal, som og i år gjev ei raus gåve i julegåve til bebuarar og tilsette ved Lom helseheim. Storstilt!

Julebordet vart ein stor suksess, kjøkenet toppa nok ein gong nivået på maten: heimelaga mjukbrød, hardbrød, sylte, skinker, øl og anna godt stod på borda. Karamellpudding, riskrem og fruktsalat trona på borda til dei nesten bogna. Tusen takk til alle involverte - terningkast 6!

Julgrisen
Julgrisen
Kjøkengjengen - dyktige folk som fortener all ros dei kan få!
Kjøkengjengen - dyktige folk som fortener all ros dei kan få!
Endre med gode ord
Endre med gode ord
Tips ein ven Skriv ut