2007-07-06
Ohene Aboagye- Vi vert alle glade av å gå tur i naturen. Når eg går på ski på fjellet eller på tur i skog og mark, treff eg alltid folk som smiler og helsar. Bli med til topps du også, seier Ohene Aboagye, regiondirektør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI).IMDI og Norges Røde Kors inviterar grupper av innvandrarar og nordmenn til saman å bli med Til Topps på Galdhøpiggen, den 17. eller 18. august.
2007-06-21
Liv Signe Navarsete og Ingolf Kvålshagen før kjøreturen i Lom- Du hadde god kontroll, dette kjem til å gå bra. Slik uttrykte samferdselsminister Liv Signe Navarsete seg etter at ho hadde vore passasjer i kjøreskulebilen, med Ingolf Kvålshagen bak rattet. I desse dagar vil det bli ein ny sjåfør på vegane i Lom.
2007-06-21
- Vi skal fortsetja trykket for å få breiband til alle, seier statsråd Liv Signe Navarsete i det ho koplar til breibandet i Lia. Endeleg fekk grenda ferdig utbygd breiband. - Eg er kanskje den som har masa mest, og i dag er eg svært tilfreds. Desse orda kjem frå Kjell Gaukstad.Ein ivrig statsråd Navarsete koplar til breibandet for Lia
2007-06-19
Knut Flaget med firspannet i spissen for opptog med 70 hestarFjordingsmartnan er over for denne gangen. Med nydeleg vêr og rekordbesøk, fekk vi ei helg i Lom med eit folkeliv som gleda både store og små.- Det har vore hestar og andre dyr, spanande salsboder og flotte aktivitetar, men uansett, det er Lomsbygda og naturen kring som er den store attraksjonen, seier martnasgeneral Ola Gjeilo.
2007-06-18
Kirkestuen Transport AS fekk Lom kommune sin næringspris for 2006. Prisen vart delt ut av statsråd Liv Signe Navarsete, og ho la vekt på prisvinnaren sitt målretta arbeid for trafikktryggleik.Geir Inge Kirkestuen (i midten) får prisen frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete og ordførar Simen Bjørgen.
2007-06-14
Anne-Lise Marstein (Ap)Mai Bakken (Bygdalista)Ved valet til hausten vert noverande ordførar i Lom Simen Bjørgen (Sp) utfordra av to kvinner, Mai Bakken (Bygdalista) og Anne-Lise Marstein (Ap).Du kan møte dei tre ordførarkandidatane laurdag mellom kl. 13 og 15 på Lom kommune sin stand på Fjordingsmartnan.Møt opp! Still spørsmål! Skap debatt!
2007-06-13
Mange får skatteoppgjeret allereie i juni, og tala er no klare. Klikk på lenkja ´Les meir´, der finn du nokre lenkjer om skatteoppgjeret.
2007-06-13
(Foto: Bjørn Sigurdsønn)(Foto: Mona Nordøy)Statsrådane Karita Bekkemellem og Liv Signe Navarsete kjem til Lom. Programmet i Lom, frå laurdag 16. juni til og med måndag 18. juni, inneheld mellom anna vitjing hjå bygdebyggarar, opning av nytt breibandstilbod og utdeling av Lom kommune sin næringspris.Liv Signe Navarsete og Karita Bekkemellem
2007-06-12
Klart for Fjordingsmartnan i Lom, her frå arrangementet i 2006. (Foto: Frå nettstaden til Fjordingsmartnan)- I Lom var det alt frå gamal tid martnasaktivitet. Fjordingane kom da over fjellet med hundretals hestar. Handelskarar frå bygdene i dalen møtte, og mange kom også frå andre stader.Dette kan vi lese på
nettstaden til Fjordingsmartnan. Frå fredag 15. til sundag 17. juni vert det igjen Fjordingsmartnan i Lom.
2007-06-11
- Ringenes herre kunne ha vorte filma på New-Zealand, men Noreg og Jotunheimen var opplagt ein sterk konkurrent. Slik startar ein artikkel i den engelske avisa The Guardian kor vegen over Sognefjellet vert utropt til ein dei ti flottaste sykkelturane i verda.Sognefjellet Duatlon 2007, eit døme på sykkeltur på Sognefjellet. (Foto: Christian Prestegård, kondis.no)